Stiftelsen for en Kritisk og Undersøkende Presse

SKUP STARTER OM

2021/04/15 10:00:00
Countdown placeholder
test
Oppdrett
TROIKA: Elisabeth Berg Hass (f.v.), redaktør Tomas Bruvik og fungerande redaktør Mona Grønningen på Vinterkonferansen til Haugesund journalistlag. Foto: Tor Nilssen  

Skreiv 40 sider om lokal fiskekonflikt

Over 40 sider tok Kvinnheringen for seg den lokale skyttargravskrigen om fisk. Det har vore mange myter, påstandar og harde skyts frå den eine til den andre. På SKUP får du heile historia.

Av JOAR VATLESTAD

“I Kvinnherad er havbruksnæringa stor, med 27 lokalitetar i og nær fjordane våre. Dermed er nok både næringa og alt som følgjer med noko som opptar dei fleste kvinnheringar. Mykje er skrive om teamet fiskeoppdrett, og det kjem ikkje til å stoppa etter denne serien. Temaet har tidvis ført til store konfliktar mellom havbruksnæringa og dei som er kritiske til den, men mange meiner diskusjonane er noko unyanserte, og har etterlyst ein meir konstruktiv debatt”.

 

Slik innleiar Kvinnheringen reportasjeserien “Spelet om fisken”. I halvanna månad sat journalist Elisabeth Berg Hass på eit eige kontor i redaksjonslokalet og jobba med havbruksnæring, oppdrett, forsking, elveeigarar og lobbyistar. I tre delar skulle Kvinnheringen sjå nærare på havbruksnæringa og få fram synspunkta til dei ulike aktørane, slik at lesarane kunne gjera seg opp si eiga meining.

 

-Det er eit stort oppdrettsmiljø og mange oppdrettsbedrifter, det er forsking på villfisk og mange villfiskentusiastar i Kvinnherad. Tidvis har det vore skyttargravskrig mellom oppdrettsnæringa og villfiskmiljøet, og mange myter, påstandar og harde skyts frå den eine til den andre, seier Hass.

 

Serie i tre deler

I del 1 er oppdrettsnæringa temaet. Fakta om dei ulike aktørane blir presentert og kva dei bidreg med til kommunen, men også dei potensielle miljøutfordringane.

-Me tenkte litt på måten Aftenposten Innsikt blir laga, og ville bidra med kunnskap, ikkje berre skapa fleire konfliktar. Kanskje me til og med kunne bidra til å løysa nokre konfliktar, seier Hass.

 

I del 2 går Hass nærare inn på villfisk og forsking. Oppdrettsanlegg kan gjera tilhøva vanskeleg for villfisken, og kryssing mellom vill.- og oppdrettsfisk kan utfordra arvematerialet til fyrstnemnte. Ein genbank møtte stor motbør.

 

-Det blei lobbyert mot Genbank Hardanger frå personar som har ganske sentrale stortingspolitikarar som kontaktar. Det har vore ei ganske stor og synleg konflikt, som det har vore interessant å koma nærare inn på, seier Hass.

 

I den siste delen er Guddalselva temaet, og Hass innleiar langlesingssaka slik: Harde frontar og skuldingar om juks. Bekymringsmeldingar til fiskeriministeren, hemmelege e-postar og arbeidsrettsak. Medieoppslag etter medieoppslag gjennom mange år. Alternative forskingsprosjekt i kjølvatnet. Diskusjonar om uavhengig versus næringsvenleg forsking. Skuldingar om urettvise restriksjonar mot oppdrettarane. Det vesle, tilsynelatande idylliske vassdraget Guddalselva, der sjøauren og laksen gyt og der fossekallen hekkar i elvekanten, har dei siste åra skapt ein støy som få andre elvar er i stand til, ein støy som har fått storpolitiske etterdønningar.

 

-Eg snakka med lobbyistar som jobba mot forskinga i elva, elveeigarar som var delvis kritiske og forskarane sjølve. Før ein set seg skikkeleg inn i styret rundt Guddalselva, kan det høyrest ut som om det mest handlar om forsking og elverettar, men det kom undervegs tydeleg til overflata at det òg ligg sterke personkonfliktar bak, seier Hass.

 

Støtte frå Fritt Ord

Kvinnheringen søkte om støtte frå Fritt Ord til å gjennomføra prosjektet, og fekk tildelt 75.000 kroner. Avisa med seks tilsette i redaksjonen kunne då få inn ein vikar for Hass.

-Eg hadde med meg Mona Grønningen på delar av arbeidet, som enda i ein reportasjeserie på 40 sider. Me fekk også hjelp frå gravegruppa i LLA (Landslaget for lokalaviser) til saka om Guddalselva. Det var ikkje alle som ønskte at me skulle skriva om dette, og difor var me særs opptekne av at alle detaljar skulle vera korrekte. Tilbakemeldingene på serien har vore gode, seier Hass.

 

Hass laga ein vegg der alle aktørane og relasjonane mellom dei blei merka opp.

-Det var viktig å halda oversikt og sjekka at alt var blit svart på. Så ringte eg rundt og inviterte meg sjølv på besøk. Eg var mykje ute på reportasjar. Eg meiner det er viktig å gjera intervju andlet til andlet, seier Hass.

 

Kjem med ny gravesak

Sakene frå reportasjeserien blei også publiserte på nett kontinuerleg etter avisoppslaget.

 

-Det som var vanskeleg var å få fleire av aktørane til å stilla. Oppdrettsnæringa er noko skeptiske til media, og ønska ikkje å utsetja seg sjølve igjen. Me var veldig ærlege og opne frå starten om kva målet var: alt skulle fram, men alle skulle også få koma til ordet på ein skikkeleg måte. Då blei ting litt lettare, og me blei inviterte på oppdrettsanlegg me tidlegare ikkje hadde vore på. Aktørane fekk lesa gjennom, og sjølv om det kom med ting dei ikkje ønska så fekk dei også uttrykka sine synspunkt, seier Hass.

 

Arbeidet verkar å ha gjeve lokalavisa motivasjon til å gå i gang med nye prosjekt. Dagen før SKUP blir ei ny gravesak publisert i Kvinnheringen.

-Karen Anna Kleppe kjem med ei gravesak ho og ein annan kollega har jobba med lenge. Det at me har vågd å gjera dette igjen er nok inspirert av at vi lukkast med “Spelet om fisken”. I tillegg fekk me under arbeidet med fiskeserien inngåande kjennskap til miljø og konfliktar som var relevante for det nye graveprosjektet, seier Hass.

 

Hass og Kleppe fortel om begge prosjekta på laurdagen under Skup. Programmet finner du her.

 

 

På forsiden nå
  • skup og dn

    Derfor vant DN SKUP-prisen

    Her kan du lese juryens begrunnelse for å gi SKUP-prisen til Dagens Næringsliv. Du kan også lese hvorfor VG, Aftenposten og NRK Sørlandet vant diplomer.
  • andersen

    Slik blir SKUP-kvelden

      Det faglige programmet er overstått, men SKUP-konferansen er langt fra over!
  • på skup

    Kronprinsen åpner SKUP dag 2

    Ikke gå glipp av åpningen av SKUP-konferansens dag 2! - En uavhengig, kritisk, undersøkende presse er en av de viktigste byggesteinene i det frie, åpne og tillitsbaserte samfunnet vårt, sier kronprins Haakon i en hilsen til journalistene og redaktørene som deltar på SKUP.
  • myonvent

    Her kan du få hjelp med innlogging

    Ring dette nummeret hvis du ikke får til å logge deg inn på SKUP-konferansen torsdag morgen. Hjelpetelefonen er betjent mellom kl. 9 og 11 begge konferansedagene. Vi anbefaler sterkt at du registrerer deg i god tid før konferansen.
  • skup2021

    Velg blant høydepunktene på SKUP

    Epsteins forbindelser, Equinors millarder, mobilens avsløringer og en hesteskandale uten sidestykke. Alt dette og mye mer kan du få med deg på årets Skup-konferanse, her er noen høydepunkter fra programmet. 
  • 2020 the hub

    Lenke til SKUPs årsmøte

    SKUPs årsmøte arrangeres digitalt onsdag 14. april kl. 19.00. Lenke her: https://zoom.us/j/97066183544?pwd=ZG9NMXFWOWsyT2Q5V0NLbUNhR3BzZz09
  • skup

    Ikke vent med påmeldingen! Se hvilke 585 som har registrert seg.

    Det er bare seks dager igjen til SKUP, og torsdag kveld var det 585 påmeldte. SKUP venter et rush av påmeldinger de siste dagene, og det er ingen grunn til å vente.
  • Elin Floberghagen og Mathias Vedeler

    Innkalling til digitalt årsmøte

    Det kalles inn til digitalt årsmøte i SKUP onsdag 14. april 2021 kl. 19.00. Lenke til møtet blir lagt ut på SKUPs hjemmeside om morgenen.